Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 24:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han sette David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!»

2. Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hos han: «Far ikring til alle Israel-stammane, frå Dan til Beer-Sjeba. Du skal mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.»

3. Joab svara kongen: «Måtte Herren din Gud la kongen sjå med eigne auge at folket blir hundre gonger så talrikt som no! Men kvifor vil min herre kongen gjera dette?»

4. Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab og hærførarane.Då drog Joab og hærførarane bort frå kongen for å mønstra Israelsfolket.

5. Dei sette over Jordan og byrja med Aroer og byen som ligg midt i dalen Gad, og dei heldt fram til Jaser.

6. Så kom dei til Gilead og området ved Tahtim-Hodsji, og så til Dan-Jaan. Derifrå bøygde dei av mot Sidon.

7. Så kom dei til festningsbyen Tyros og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Beer-Sjeba.

8. Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem.

9. Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen krigarar, våpenføre menn, og i Juda fem hundre tusen.

10. Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjartet, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men ta no bort skulda til din tenar, Herre, for eg har bore meg uvitug åt.»

11. Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren til David:

12. «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.»

13. Så gjekk Gad til David og melde det til han. Han sa: «Skal det koma hungersnaud over landet ditt i sju år? Skal du vera på flukt frå fiendane dine i tre månader medan dei forfølgjer deg? Eller skal det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.»

14. David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 24