Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 23:6-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men dei vonde er allelik tornekvister ein kastar bort,ingen tek dei i hendene.

7. Ingen kjem nær deiutan med jern og spydskaft.Der dei står, blir dei brende opp med eld.

8. Dette er namna på krigsheltane til David:Josjeb-Basjebet av Hakmon-slekta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.

9. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane som var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Israelittane drog seg tilbake,

10. men han heldt ut og hogg ned filistrar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger. Og då hæren snudde og følgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.

11. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistrane samla seg ved Lehi. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistrane,

12. stilte Sjamma seg midt i åkeren og verna han. Han hogg laus på filistrane, og Herren lét han vinna ein stor siger.

13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen.

14. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem.

15. Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem?»

16. Dei tre heltane braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brønnen ved byporten i Betlehem og kom til David med det. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren

17. og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet av dei mennene som våga livet sitt?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.

18. Abisjai, bror til Joab og son til Seruja, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

19. Han var høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.

20. Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.

21. Han felte òg ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa, men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa hans og drap han med hans eige spyd.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 23