Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 23:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen.

14. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem.

15. Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem?»

16. Dei tre heltane braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brønnen ved byporten i Betlehem og kom til David med det. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren

17. og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet av dei mennene som våga livet sitt?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.

18. Abisjai, bror til Joab og son til Seruja, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

19. Han var høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.

20. Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.

21. Han felte òg ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa, men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa hans og drap han med hans eige spyd.

22. Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigsheltane.

23. Han var høgt akta mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 23