Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 23:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er Davids siste ord.Så seier David, son til Isai,så seier mannen som Gud har reist opp,han som er salva av Jakobs Gud,og som har dikta Israels songar:

2. Herrens Ande talar gjennom meg,hans ord er på mi tunge.

3. Israels Gud har tala,til meg har Israels berg sagt:«Den som styrer menneske med rettferd,den som rår med gudsfrykt,

4. er lik morgonlyset når sola går oppein morgon med skyfri himmel;gjennom solskin og regnlèt det graset gro fram or jorda.»

5. Slik har mitt hus det med Gud.For han har gjort ei evig pakt med meg,vel ordna og trufast halden.Ja, alt som tener til mi frelse,alt eg ønskjer, lèt han gro fram.

6. Men dei vonde er allelik tornekvister ein kastar bort,ingen tek dei i hendene.

7. Ingen kjem nær deiutan med jern og spydskaft.Der dei står, blir dei brende opp med eld.

8. Dette er namna på krigsheltane til David:Josjeb-Basjebet av Hakmon-slekta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.

9. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane som var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Israelittane drog seg tilbake,

10. men han heldt ut og hogg ned filistrar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger. Og då hæren snudde og følgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 23