Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 20:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit sverd i slire. Det var fest ved hofta. Då han gjekk fram, gleid sverdet ut.

9. Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok tak i skjegget hans med høgre handa for å kyssa han.

10. Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen så innvolane rann ut på jorda. Den eine støyten var nok, og han døydde.Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba, son til Bikri.

11. Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed liket og ropa: «Følg Joab, alle som held med han og er på David si side!»

12. Amasa låg midt på vegen, bada i blod. Då mannen såg at alt folket stoppa der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka. Han kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stoppa.

13. Då Amasa var teken bort frå vegen, gjekk alle framom og følgde Joab for å jaga Sjeba, son til Bikri.

14. Sjeba fór gjennom alle Israel-stammane heilt til Abel-Bet-Maaka. Alle mennene i Bikri-slekta samla seg og følgde han inn i byen.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 20