Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 20:18-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.

19. Eg er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by som er ei mor i Israel. Kvifor vil du øydeleggja Herrens eigedom?»

20. Joab svara: «Nei, langt ifrå! Eg vil slett ikkje øyda eller herja.

21. Det har seg ikkje slik! Men ein mann frå Efraim-fjella som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kvinna: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»

22. Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.

23. Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane.

24. Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.

25. Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.

26. Ira av Ja'ir-slekta var òg prest hos David.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 20