Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 20:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen så innvolane rann ut på jorda. Den eine støyten var nok, og han døydde.Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba, son til Bikri.

11. Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed liket og ropa: «Følg Joab, alle som held med han og er på David si side!»

12. Amasa låg midt på vegen, bada i blod. Då mannen såg at alt folket stoppa der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka. Han kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stoppa.

13. Då Amasa var teken bort frå vegen, gjekk alle framom og følgde Joab for å jaga Sjeba, son til Bikri.

14. Sjeba fór gjennom alle Israel-stammane heilt til Abel-Bet-Maaka. Alle mennene i Bikri-slekta samla seg og følgde han inn i byen.

15. Joab og mennene hans kom og kringsette han i Abel-Bet-Maaka. Dei kasta opp ein voll som nådde bort til den ytre bymuren. Heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla.

16. Då var det ei klok kvinne som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Be Joab koma nærare, så eg får tala med han.»

17. Han gjekk bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja», svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestekvinna di har å seia.» «Eg høyrer», svara han.

18. Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord.

19. Eg er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by som er ei mor i Israel. Kvifor vil du øydeleggja Herrens eigedom?»

20. Joab svara: «Nei, langt ifrå! Eg vil slett ikkje øyda eller herja.

21. Det har seg ikkje slik! Men ein mann frå Efraim-fjella som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kvinna: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.»

22. Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.

23. Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 20