Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 20:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. No var det ein vondsinna mann der som heitte Sjeba, son til Bikri frå Benjamin. Han bles i hornet og sa:«Vi har ingen del i David,ingen lut i Isai-sonen.Kvar mann til sitt telt, Israel!»

2. Då skilde alle israelittane lag med David og følgde Sjeba, son til Bikri. Men judearane heldt seg til kongen sin og følgde han frå Jordan til Jerusalem.

3. Då David var komen heim til Jerusalem, tok han dei ti følgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei i forvaring. Han sytte for det dei trong, men han gjekk ikkje inn til dei. Dei sat innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.

4. Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!»

5. Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett.

6. Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba, son til Bikri, til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg tenarane til herren din og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss.»

7. Mennene til Joab, kretarane og pletarane og alle krigarane følgde han. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba, son til Bikri.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 20