Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 2:26-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?»

27. Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket først i morgon ha slutta å forfølgja brørne sine.»

28. Så bles Joab i hornet, og alt krigsfolket hans stoppa. Dei forfølgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.

29. Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim.

30. Då Joab hadde halde opp med å forfølgja Abner, samla han krigsfolket. Forutan Asael mangla det nitten av mennene til David.

31. Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar av Abners krigsfolk.

32. Dei tok Asael med seg og gravla han i grava til far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det grydde av dag.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 2