Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 2:18-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Dei tre sønene til Seruja, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lett på foten som ein gasell i marka.

19. Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til høgre eller venstre, men heldt seg heile tida i hælane på Abner.

20. Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja», svara han.

21. Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil, grip ein av unggutane og ta rustninga hans.» Men Asael ville ikkje slutta å forfølgja han.

22. Endå ein gong ropa Abner til Asael: «Hald opp med å følgja etter meg! Kvifor skulle eg slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i auga?»

23. Men han ville ikkje halda opp. Då støytte Abner spydskaftet inn i magen hans så det gjekk ut gjennom ryggen på han, og han fall om og døydde på staden. Alle som kom til den staden der Asael var fallen og døydde, stoppa opp der.

24. Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfølgja Abner. Då sola gjekk ned, var dei komne til Amma-haugen, som ligg beint imot Giah, på vegen til ørkenen ved Gibeon.

25. Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug.

26. Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 2