Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 2:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan spurde David Herren om råd: «Skal eg dra opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, dra opp!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron», svara Herren.

2. Så drog David dit med dei to konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel.

3. Han tok òg med seg dei mennene som følgde han, kvar med sin huslyd. Og dei busette seg i landsbyane kring Hebron.

4. Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Judas hus.Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul,

5. sende han bodberarar til dei for å seia: «Velsigna er de av Herren fordi de var gode mot Saul, herren dykkar, og gravla han.

6. Må Herren no visa dykk miskunn og truskap! Eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette.

7. Ta då mot til dykk og ver modige menn! Saul, herren dykkar, er død, men no har Judas hus salva meg til konge over seg.»

8. Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim.

9. Der gjorde han Isjbosjet til konge over Gilead, Asjer og Jisreel, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel.

10. Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David.

11. I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.

12. Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon.

13. Joab, son til Seruja, og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen.

14. Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det», svara Joab.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 2