Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 18:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen.

9. Det bar så til at Absalom vart oppdaga av mennene til David. Han hadde kome ridande på muldyret sitt, og muldyret hadde kome inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang vidare.

10. Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.»

11. Då sa Joab til mannen som kom med meldinga: «Når du såg det, kvifor slo du han då ikkje til jorda på flekken? Så skulle eg ha gjeve deg ti sjekel sølv og eit belte.»

12. Mannen svara: «Om eg så fekk tusen sjekel sølv vege opp i neven, ville eg ikkje lyfta handa mot son til kongen. Vi høyrde alle bodet kongen gav deg og Abisjai og Ittai: Pass på at ingen gjer den unge Absalom noko!

13. Men hadde eg fare fram med denne ugjerninga, så hadde ho ikkje vorte løynd for kongen, og du hadde nok halde deg unna.»

14. Då sa Joab: «Eg kan ikkje stå her og venta på deg.» Så tok han tre spyd i handa og rende dei i brystet på Absalom medan han endå hang levande mellom greinene på eika.

15. Og ti unge menn, våpenberarane til Joab, omringa Absalom og slo han i hel.

16. Då bles Joab i hornet, og folket heldt opp med å forfølgja israelittane; for Joab stoppa dei.

17. Så tok dei Absalom og kasta han ned i ei djup hòle i skogen og hauga opp ei stor steinrøys over han. Og alle israelittane rømde heim, kvar til sitt.

18. Medan Absalom levde, hadde han reist seg ein stein i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt», sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og Absaloms minnestein heiter steinen den dag i dag.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 18