Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 18:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»

21. Så sa Joab til ein mann frå Kusj: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Kusjitten bøygde seg for Joab, og så sprang han av stad.

22. Men Ahimaas, son til Sadok, tok til orde att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter kusjitten!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»

23. Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Ahimaas den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre kusjitten.

24. Imedan sat David i portrommet. Vaktmannen på taket av porten gjekk over til bymuren. Der såg han utover og fekk auge på ein mann som kom springande åleine.

25. Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Kongen sa: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.

26. Då fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»

27. Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den første spring så likt Ahimaas, son til Sadok.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»

28. Ahimaas ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Velsigna er Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»

29. Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Ahimaas svara: «Eg såg at det var stort oppstyr då Joab sende kongstenaren og meg av stad; men eg veit ikkje kva det var.»

30. Kongen sa: «Gå til sides og vent der!» Så gjekk han til sides og vart ståande.

31. Med det same kom kusjitten og sa: «Her er ein god bodskap, herre konge! I dag har Herren hjelpt deg til din rett og fria deg frå alle dei som hadde reist seg mot deg.»

32. Kongen spurde: «Står det bra til med den unge Absalom?» Kusjitten svara: «Herre konge, gjev det må gå fiendane dine og alle som reiser seg mot deg og vil skada deg, som det gjekk den unge mannen!»

33. Då vart kongen oppskaka. Han gjekk opp i rommet over porten og gret. Medan han gjekk, ropa han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døydd i din stad! Absalom, son min, son min!»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 18