Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 18:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David mønstra hæren som var med han, og sette førarar over han, nokre for tusen og nokre for hundre mann.

2. Så sende han hæren av stad, ein tredjepart under Joab, ein tredjepart under Abisjai, son til Seruja og bror til Joab, og ein tredjepart under Ittai frå Gat. Kongen sa til mennene: «Eg vil sjølv dra ut i striden saman med dykk.»

3. Men dei svara: «Dra ikkje ut! For om vi rømmer, er det ingen som bryr seg om det, og om halvparten av oss fell, så ansar ingen det. Men du er jamgod med ti tusen av oss. Difor er det betre at du held deg i byen og kjem oss til hjelp derifrå.»

4. Då sa kongen til dei: «Eg skal gjera som de ønskjer.» Så gjekk kongen ut og stod attmed byporten medan heile hæren drog av stad i avdelingar på hundre og tusen mann.

5. Men kongen sa til Joab, Abisjai og Ittai at dei skulle fara varsamt fram med den unge Absalom. Heile hæren høyrde at kongen gav alle hærførarane dette påbodet om Absalom.

6. Så drog hæren ut i open mark mot israelittane, og slaget stod i Efraim-skogen.

7. Der tapte israelittane for Davids menn, og det vart eit stort mannefall den dagen, tjue tusen mann i alt.

8. Striden spreidde seg over heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk enn sverdet den dagen.

9. Det bar så til at Absalom vart oppdaga av mennene til David. Han hadde kome ridande på muldyret sitt, og muldyret hadde kome inn under dei tette greinene på ei stor eik. Hovudet hans sette seg fast i eika, og han vart hangande mellom himmel og jord. For muldyret han sat på, sprang vidare.

10. Det fekk ein mann sjå, og han sa frå til Joab: «Eg såg Absalom hanga i ei eik.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 18