Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 17:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så snart dei var gått, kom Jonatan og Ahimaas opp or brønnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set fort over elva!» Så fortalde dei kva råd Ahitofel hadde gjeve.

22. David og alle som var med han, braut då opp og sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein einaste mann; alle hadde kome seg over elva.

23. Då Ahitofel såg at rådet hans ikkje vart følgt, sala han eselet sitt og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Slik døydde Ahitofel, og han vart gravlagd i grava til far sin.

24. David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane.

25. Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nahasj og syster til Seruja, mor til Joab.

26. Israelittane og Absalom slo leir i Gilead.

27. Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nahasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead.

28. Dei kom med sengeutstyr, skåler og kar, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bønner, linser,

29. honning, smør, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han, så dei fekk eta. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tørste i øydemarka.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 17