Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 17:15-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Så sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Ahitofel hadde rådd Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva råd han sjølv hadde gjeve.

16. «Skund dykk, send bod til David!» sa han. «Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i ørkenen, men setja over elva straks! Elles er det ute både med kongen og alle dei som følgjer han.»

17. Jonatan og Ahimaas heldt seg ved Rogel-kjelda. Ei tenestejente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.

18. Men denne gongen var det ein unggut som fekk auge på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bahurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brønn i tunet, og den klatra dei nedi.

19. Kona i huset tok eit teppe og breidde over brønnopninga. Ho strødde korn oppå, så ingen kunne merka noko.

20. Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahimaas og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem.

21. Så snart dei var gått, kom Jonatan og Ahimaas opp or brønnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set fort over elva!» Så fortalde dei kva råd Ahitofel hadde gjeve.

22. David og alle som var med han, braut då opp og sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein einaste mann; alle hadde kome seg over elva.

23. Då Ahitofel såg at rådet hans ikkje vart følgt, sala han eselet sitt og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Slik døydde Ahitofel, og han vart gravlagd i grava til far sin.

24. David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane.

25. Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nahasj og syster til Seruja, mor til Joab.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 17