Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 17:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan sa Ahitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.

2. Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem heile hæren som er hos han, til å rømma. Det er berre kongen eg vil drepa.

3. Sidan fører eg heile hæren tilbake til deg som når ei brur blir ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du er ute etter; resten av hæren får vera uskadd.»

4. Både Absalom og alle dei eldste i Israel tykte dette var eit godt råd.

5. Men Absalom sa: «Send bod etter arkitten Husjai, så vi får høyra kva han òg har å seia.»

6. Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Ahitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!»

7. Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Ahitofel har gjeve denne gongen.»

8. Han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er modige krigarar. Dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein røynd krigar. Han legg seg ikkje til å sova saman med hæren.

9. No held han seg nok gøymd i ei hòle eller ein annan stad. Om nokon av våre fell i det første åtaket, kjem det til å gå rykte om at det har vore eit stort mannefall mellom dei som følgjer Absalom.

10. Sjølv ein krigar med hjarte som ei løve vil mista motet, for heile Israel veit at far din er ein helt, og at det er modige menn som er med han.

11. Difor gjev eg dette rådet: Lat heile Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Dra sjølv med dei i kamp!

12. Når vi så kjem over han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Ingen skal overleva, korkje han sjølv eller nokon av mennene som er med han.

13. Og trekkjer han seg tilbake til ein by, skal heile Israel slå reip om byen og dra han ned i elveleiet, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.»

14. Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet frå arkitten Husjai er betre enn rådet frå Ahitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet frå Ahitofel ikkje vart følgt. For Herren ville føra ulukke over Absalom.

15. Så sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Ahitofel hadde rådd Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva råd han sjølv hadde gjeve.

16. «Skund dykk, send bod til David!» sa han. «Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i ørkenen, men setja over elva straks! Elles er det ute både med kongen og alle dei som følgjer han.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 17