Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 16:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og han kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigsheltane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.

7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din mordar, du vonde menneske!

8. No gjev Herren deg att for alt blodet i Sauls hus. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No har ulukka ramma deg, din mordar!»

9. Då sa Abisjai, son til Seruja, til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna min herre kongen? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»

10. Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»

11. Og David sa til Abisjai og alle tenarane sine: «Når min son, mitt eige kjøt og blod, står meg etter livet, kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.

12. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og vender forbanninga denne dagen til noko godt.»

13. Så gjekk David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi fjellsida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.

14. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

15. I mellomtida var Absalom og heile hæren av israelittar komne til Jerusalem. Ahitofel var òg med.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 16