Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 16:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Og David sa til Abisjai og alle tenarane sine: «Når min son, mitt eige kjøt og blod, står meg etter livet, kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.

12. Kanskje Herren ser til meg i mi naud og vender forbanninga denne dagen til noko godt.»

13. Så gjekk David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi fjellsida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.

14. Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

15. I mellomtida var Absalom og heile hæren av israelittar komne til Jerusalem. Ahitofel var òg med.

16. No kom arkitten Husjai, venen til David, til Absalom og ropa: «Leve kongen! Leve kongen!»

17. Absalom sa til Husjai: «Er det slik du gjer godt mot venen din? Kvifor følgde du ikkje venen din?»

18. Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hos han vil eg halda meg.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 16