Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 15:29-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste tilbake til Jerusalem, og der vart dei verande.

30. David gjekk gråtande oppover Oljeberget, berrføtt og med tildekt hovud. Alle som var med han, hadde òg dekt hovudet og gjekk gråtande oppover.

31. David fekk høyra at Ahitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Ahitofels råd til skamme!»

32. Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom arkitten Husjai imot han med sundriven kjortel og mold på hovudet.

33. David sa til han: «Fer du saman med meg, blir du berre til bry for meg.

34. Men går du tilbake til byen, kan du hindra Ahitofels planar for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.

35. Der har du òg prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongens hus, skal du melda til dei.

36. Begge sønene deira, Ahimaas, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»

37. Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 15