Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 15:20-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21. Men Ittai svara kongen: «Så sant Herren lever, og min herre kongen lever, der min herre kongen er, der vil tenaren din òg vera, anten det ber til liv eller død.»

22. Då sa David til Ittai: «Så gå forbi, du òg!» Og Ittai frå Gat gjekk forbi med alle mennene sine og alle kvinnene og borna deira.

23. Alle gret høgt då hæren gjekk forbi. Kongen kryssa Kedron-bekken, og heile hæren gjekk forbi og tok vegen mot ørkenen.

24. No kom Sadok òg med alle levittane som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer heilt til heile hæren hadde fare ut av byen.

25. Kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste tilbake til byen. Finn eg nåde for Herrens auge, lèt han meg koma tilbake, så eg får sjå att både paktkista og staden der ho står.

26. Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»

27. Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Vend attende til byen i fred. Du og Ahimaas, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk.

28. Eg skal venta attmed vadestadene i ørkenen til det kjem melding frå dykk.»

29. Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste tilbake til Jerusalem, og der vart dei verande.

30. David gjekk gråtande oppover Oljeberget, berrføtt og med tildekt hovud. Alle som var med han, hadde òg dekt hovudet og gjekk gråtande oppover.

31. David fekk høyra at Ahitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Ahitofels råd til skamme!»

32. Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom arkitten Husjai imot han med sundriven kjortel og mold på hovudet.

33. David sa til han: «Fer du saman med meg, blir du berre til bry for meg.

34. Men går du tilbake til byen, kan du hindra Ahitofels planar for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg.

35. Der har du òg prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongens hus, skal du melda til dei.

36. Begge sønene deira, Ahimaas, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.»

37. Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 15