Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Kvinna frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp meg, konge!»

5. «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død.

6. Tenestekvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen der til å skilja dei. Då slo den eine til den andre og drap han.

7. No har heile slekta reist seg mot tenestekvinna di. Dei seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo broren i hel; så får vi med det same rydda arvingen av vegen. – Slik kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att, og ta frå mannen min både namn og etterkomarar på jorda.»

8. Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av saka for deg.»

9. Men kvinna frå Tekoa svara: «Min herre konge, eg og mitt hus skal bera skulda. Kongen og trona skal vera skuldfrie.»

10. Kongen sa: «Er det nokon som seier noko til deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»

11. Då sa ho: «Måtte kongen hugsa på Herren din Gud, så ikkje blodhemnaren valdar endå meir ulukke og sonen min blir drepen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal bli rørt på hovudet til sonen din.»

12. Då sa kvinna: «Lat tenestekvinna di få seia endå eit ord til min herre kongen.» «Ja», svara han.

13. Kvinna sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det kongen no sa, har han gjort seg sjølv skuldig, sidan kongen ikkje lèt han som er bortstøytt, koma tilbake.

14. Sanneleg, vi må alle døy. Vi er som vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv. Hans vilje er at den som er bortstøytt frå han, ikkje skal vera det lenger.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14