Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:18-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Kongen sa då til kvinna: «Svar meg sant på det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.

19. Kongen spurde: «Har Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kvinna svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma bort frå at det er slik min herre kongen seier. Det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som sjølv la alle desse orda i munnen på tenestekvinna di.

20. Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»

21. Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.»

22. Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»

23. Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.

24. Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

25. Så vakker ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprisa som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje feil ved han.

26. Ein gong i året vart håret hans så tungt at han måtte klippa det av. Og når han hadde gjort det, vog det to hundre sjekel etter kongens vekt.

27. Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei vakker kvinne.

28. Absalom budde i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.

29. Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.

30. Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at Joab har ein åkerteig rett ved sida av min. Der har han bygg. Gå og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.

31. Då stod Joab opp, gjekk heim til Absalom og spurde han: «Kvifor har tenarane dine svidd av åkeren min?»

32. Absalom svara: «Eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Om eg er skuldig, får han heller drepa meg.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14