Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då sa kvinna: «Lat tenestekvinna di få seia endå eit ord til min herre kongen.» «Ja», svara han.

13. Kvinna sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det kongen no sa, har han gjort seg sjølv skuldig, sidan kongen ikkje lèt han som er bortstøytt, koma tilbake.

14. Sanneleg, vi må alle døy. Vi er som vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv. Hans vilje er at den som er bortstøytt frå han, ikkje skal vera det lenger.

15. Eg kjem og legg denne saka fram for min herre kongen. For folket skremde meg, og då tenkte eg: Tenestekvinna di vil gå og tala med kongen. Kanskje gjer kongen det tenestekvinna hans bed han om.

16. Kongen vil nok høyra på tenestekvinna si og berga henne frå den mannen som vil utrydda både meg og sonen min frå Guds eigedom.

17. Tenestekvinna di tenkte at eit ord frå min herre kongen ville vera meg til trøyst. For min herre kongen er lik ein Guds engel som skil mellom godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»

18. Kongen sa då til kvinna: «Svar meg sant på det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.

19. Kongen spurde: «Har Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kvinna svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma bort frå at det er slik min herre kongen seier. Det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som sjølv la alle desse orda i munnen på tenestekvinna di.

20. Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»

21. Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.»

22. Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»

23. Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.

24. Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14