Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 13:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kvar skulle vel eg gjera av meg med skamma mi? Og du, du vil bli rekna mellom dei skamlause i Israel. Tal heller med kongen, for han vil nok ikkje nekta deg å få meg.»

14. Men han ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.

15. Då vart Amnon fylt av eit brennande hat til henne. Han hata henne meir enn han før hadde elska henne. Han sa til henne: «Reis deg og gå din veg!»

16. Ho svara: «Nei, bror! Sender du meg bort, vil det vera ei endå større ugjerning enn den første du gjorde mot meg.» Men han ville ikkje høyra på henne.

17. Han ropa på tenesteguten sin og sa: «Få henne ut herifrå og steng døra etter henne!»

18. Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.

19. Tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.

20. Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.

21. Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.

22. Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.

23. To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.

24. Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?»

25. Men kongen svara: «Nei, son min. Vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom prøvde å overtala han. Kongen ville ikkje koma, men velsigna han.

26. Då sa Absalom: «Om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med.» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 13