Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 12:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Ein dag kom det ein ferdamann til den rike. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. Han tok lammet som den fattige eigde, og laga det til for mannen som var komen.»

5. Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy!

6. Og han skal betala firdobbelt for lammet fordi han gjorde dette og var så hjartelaus.»

7. Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.

8. Eg gav deg huset til herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels hus og Judas hus. Og om det var for lite, ville eg ha lagt til både det eine og det andre.

9. Kvifor har så du forakta Herrens ord og gjort det som vondt er i hans auge? Hetitten Uria har du drepe med sverd. Du lét ammonittane drepa han, og kona hans tok du og gifte deg med.

10. Frå no skal sverdet aldri vika frå ditt hus, sidan du har forakta meg og teke kona åt hetitten Uria.

11. Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå ditt eige hus. Eg vil ta konene dine beint for auga dine og gje dei til ein annan mann. Han skal liggja med dei midt på lyse dagen.

12. Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for auga på heile Israel midt på lyse dagen.»

13. Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.

14. Men fordi du gjorde dette og forakta Herrens ord, skal han døy, sonen du har fått.»

15. Så gjekk Natan heim. Herren lét alvorleg sjukdom ramma guten som David hadde fått med kona til Uria.

16. David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim for å sova, la han seg på jorda.

17. Dei eldste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå jorda, men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.

18. Sjuande dagen døydde guten. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død. For dei sa: «Når vi tala til han medan guten enno levde, høyrde han ikkje på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»

19. Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Han spurde dei: «Er guten død?» Dei svara: «Ja.»

20. Då reiste David seg frå bakken. Han vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus for å tilbe. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 12