Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 12:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.

14. Men fordi du gjorde dette og forakta Herrens ord, skal han døy, sonen du har fått.»

15. Så gjekk Natan heim. Herren lét alvorleg sjukdom ramma guten som David hadde fått med kona til Uria.

16. David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim for å sova, la han seg på jorda.

17. Dei eldste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå jorda, men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.

18. Sjuande dagen døydde guten. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død. For dei sa: «Når vi tala til han medan guten enno levde, høyrde han ikkje på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»

19. Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Han spurde dei: «Er guten død?» Dei svara: «Ja.»

20. Då reiste David seg frå bakken. Han vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus for å tilbe. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.

21. Tenarane sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten enno levde, fasta du og gret. Og no, når han er død, står du opp og et!»

22. Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret, for eg tenkte: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?

23. Men no som han er død, kvifor skulle eg fasta? Kan eg henta han tilbake? Ein gong må eg fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»

24. David trøysta Batseba, kona si. Han gjekk inn til henne og låg med henne. Ho fødde ein son som ho kalla Salomo. Herren hadde han kjær.

25. Han sende bod med profeten Natan om at guten skulle kallast Jedidja – for Herrens skuld.

26. Joab gjekk til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.

27. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen òg.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 12