Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 12:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sende Natan til David. Han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig.

2. Den rike hadde småfe og storfe i mengd.

3. Den fattige eigde ikkje anna enn eit einaste lite holam som han hadde kjøpt. Han alte det opp, og det voks til saman med borna hans, åt av brødet hans, drakk av begeret hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han.

4. Ein dag kom det ein ferdamann til den rike. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. Han tok lammet som den fattige eigde, og laga det til for mannen som var komen.»

5. Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy!

6. Og han skal betala firdobbelt for lammet fordi han gjorde dette og var så hjartelaus.»

7. Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 12