Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar.

17. Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.

18. Joab sende bod til David med melding om korleis det hadde gått i kampen.

19. Han gav bodberaren dette bodet: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk i kampen,

20. kan det henda at han fyk opp i sinne og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i kampen? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!

21. Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inntil muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, mista livet, han òg.»

22. Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.

23. Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten.

24. Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.»

25. Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han skal ikkje la dette gå inn på seg. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal halda fram med å kjempa mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot.»

26. Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho sørgjehøgtid over han.

27. Men då sørgjetida var over, sende David bod og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho fødde han ein son. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens auge.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11