Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då sa David til Uria: «Ver her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.

13. David bad han til seg, åt og drakk saman med han og skjenkte han full. Men om kvelden gjekk Uria og la seg på plassen sin saman med tenarane til herren sin. Heim gjekk han ikkje.

14. Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.

15. I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast. Trekk dykk så tilbake frå han, så han fell og mistar livet!»

16. Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar.

17. Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.

18. Joab sende bod til David med melding om korleis det hadde gått i kampen.

19. Han gav bodberaren dette bodet: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk i kampen,

20. kan det henda at han fyk opp i sinne og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i kampen? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!

21. Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inntil muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, mista livet, han òg.»

22. Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.

23. Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten.

24. Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11