Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 10:15-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, samla dei seg att.

16. Hadadeser sende bod til aramearane på andre sida av Eufrat om å ta ut, og dei kom til Helam. Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.

17. Då David fekk melding om dette, samla han alle israelittane, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til åtak på han.

18. Men aramearane laut flykta for israelittane, og David drap mannskapet på 700 av stridsvognene til aramearane og 40 000 ryttarar. Sjobak, hærføraren, fekk òg banesår og døydde der.

19. Då alle vasallkongane som stod under Hadadeser, såg at dei hadde tapt for israelittane, slutta dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 10