Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 10:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter døydde kongen over ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

2. Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, slik far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre av mennene sine for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet,

3. sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun, herren sin: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, David har nok heller sendt mennene sine til deg for å spionera og utforska og endevenda byen.»

4. Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei halve skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg.

5. Då David fekk melding om dette, sende han folk til møtes med mennene, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Dei sende ut folk og leigde 20 000 fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, 1000 mann av kongen i Maaka og 12 000 mann frå Tob.

7. Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren.

8. Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Maaka stod for seg sjølve på open mark.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 10