Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 1:14-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?»

15. David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,

16. og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»

17. David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans,

18. og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:

19. Din prydnad, Israel,ligg drepen på haugane dine.Falne er krigarane!

20. Kunngjer ikkje dette i Gat,meld ikkje dette på gatene i Asjkalon!Filistardøtrene ville gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.

21. De Gilboa-fjell,gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk,gjev markene aldri må bera førstegrøde!For der låg tilsølte krigarskjold,Sauls skjold var ikkje smurt med olje.

22. Utan blod av falne, utan feitt av krigararvende aldri Jonatans boge attendeeller Sauls-sverdet umetta heim.

23. Saul og Jonatan,elska og avhaldne i live,døden skilde dei ikkje åt.Raskare var dei enn ørnar,sterkare var dei enn løver.

24. Israels døtrer, gråt over Saul,som kledde dykk fagert i purpurog prydde dykkar klede med gull!

25. Falne er krigarane, falne i kamp!Jonatan ligg drepen på haugane dine.

26. Eg sørgjer over deg,Jonatan, min bror!Inderleg var du meg kjær.Din kjærleik var meg meir underfullenn kvinners kjærleik.

27. Falne er krigarane,krigsvåpna øydelagde!

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 1