Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 1:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Saul var død og David var komen att etter sigeren over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.

2. Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han.

3. David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.»

4. Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»

5. David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»

6. Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han.

7. Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg.

8. Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt.

9. Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 1