Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet.

4. Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.»

5. Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.»

6. Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr.

7. Farao sende bod, og sjå, ikkje eit einaste dyr var daudt av buskapen til israelittane. Men farao gjorde seg hard i hjartet og lét ikkje folket dra.

8. Herren sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao,

9. og det skal bli til fint støv over heile Egypt. Det skal koma over folk og fe og bli til verkebyllar som slår ut i blemmer, overalt i Egypt.»

10. Dei tok sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det mot himmelen, og det vart til verkebyllar og blemmer som sette seg på folk og fe.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9