Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:24-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk.

25. I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre.

26. Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl.

27. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har retten på si side; det er eg og folket mitt som er skuldige.

28. Gå i forbøn hos Herren; det har vore meir enn nok av Guds torevêr og hagl! Så vil eg la dykk dra, de treng ikkje vera her lenger.»

29. Moses sa til han: «Så snart eg kjem ut av byen, vil eg strekkja hendene mine ut mot Herren. Torevêret skal stilna, og det skal halda opp å hagla. For du skal kjenna at jorda høyrer Herren til.

30. Men eg veit at du og tenarane dine enno ikkje fryktar Herren Gud.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9