Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Moses rette staven sin opp mot himmelen, og Herren sende torevêr og hagl, og eld fór ned mot jorda. Herren lét det hagla over Egypt.

24. Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk.

25. I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre.

26. Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl.

27. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har retten på si side; det er eg og folket mitt som er skuldige.

28. Gå i forbøn hos Herren; det har vore meir enn nok av Guds torevêr og hagl! Så vil eg la dykk dra, de treng ikkje vera her lenger.»

29. Moses sa til han: «Så snart eg kjem ut av byen, vil eg strekkja hendene mine ut mot Herren. Torevêret skal stilna, og det skal halda opp å hagla. For du skal kjenna at jorda høyrer Herren til.

30. Men eg veit at du og tenarane dine enno ikkje fryktar Herren Gud.»

31. Linet og bygget vart slegne ned, for bygget stod med aks og linet i blom.

32. Men kveiten og spelten vart ikkje slegne ned, for dei blir mogne seinare.

33. Moses gjekk bort frå farao og ut av byen, og han strekte hendene ut mot Herren. Torevêret og haglet heldt opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir.

34. Då farao såg at regnet og haglet og torevêret hadde halde opp, heldt han fram med å synda. Han og tenarane hans gjorde seg harde i hjartet.

35. Farao var ubøyeleg i sitt hjarte, og han lét ikkje israelittane dra, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9