Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så du hadde vorte utrydda frå jorda.

16. Men eg har likevel halde deg oppe for å visa deg mi makt, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.

17. Framleis hindrar du folket mitt og lèt det ikkje dra.

18. Sjå, i morgon på denne tida sender eg eit kraftig haglvêr som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart til.

19. Men no, send bod og syt for å berga buskapen din og alt det du har på marka! Alle menneske og dyr som er ute på marka, og som ikkje har rokke å koma i hus, skal døy når haglet fell på dei.»

20. Dei av tenarane til farao som frykta Herrens ord, lét tenarane og buskapen søkja ly innandørs.

21. Men dei som ikkje opna hjartet for Herrens ord, lét tenarane og buskapen vera ute på marka.

22. Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, og det skal hagla i heile Egypt, over menneske og dyr og over alt som veks på marka i Egypt!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9