Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9:12-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Men Herren gjorde farao ubøyeleg i hjartet, og han høyrde ikkje på dei, slik som Herren hadde sagt til Moses.

13. Herren sa til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og gå fram for farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

14. For denne gongen vil eg senda alle plagene mine mot deg sjølv og over tenarane dine og folket ditt, så du kan kjenna at ingen er som eg på heile jorda.

15. Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så du hadde vorte utrydda frå jorda.

16. Men eg har likevel halde deg oppe for å visa deg mi makt, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.

17. Framleis hindrar du folket mitt og lèt det ikkje dra.

18. Sjå, i morgon på denne tida sender eg eit kraftig haglvêr som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart til.

19. Men no, send bod og syt for å berga buskapen din og alt det du har på marka! Alle menneske og dyr som er ute på marka, og som ikkje har rokke å koma i hus, skal døy når haglet fell på dei.»

20. Dei av tenarane til farao som frykta Herrens ord, lét tenarane og buskapen søkja ly innandørs.

21. Men dei som ikkje opna hjartet for Herrens ord, lét tenarane og buskapen vera ute på marka.

22. Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, og det skal hagla i heile Egypt, over menneske og dyr og over alt som veks på marka i Egypt!»

23. Moses rette staven sin opp mot himmelen, og Herren sende torevêr og hagl, og eld fór ned mot jorda. Herren lét det hagla over Egypt.

24. Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk.

25. I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre.

26. Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 9