Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:9-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Moses sa til farao: «Du skal få æra av å fastsetja kor lenge eg skal gå i forbøn for deg og tenarane dine og folket ditt for å få fjerna froskane frå deg og husa dine. Berre i Nilen skal det vera froskar att.»

10. Han svara: «Til i morgon.» Då sa Moses: «Det skal bli som du har sagt. For du skal kjenna at ingen er som Herren vår Gud.

11. Froskane skal bli borte frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal det vera froskar att.»

12. Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren om froskane som han hadde sendt mot farao.

13. Herren gjorde som Moses hadde sagt, og froskane døydde i husa, på gardsplassane og ute på markene.

14. Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka.

15. Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8