Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:19-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då sa magikarane til farao: «Dette er Guds finger.» Men hjartet til farao var ubøyeleg, og han høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

20. Då sa Herren til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og stig fram for farao når han går ned til vatnet, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

21. For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg svermar med insekt over deg og over tenarane dine, over folket ditt og over husa dine. Husa i Egypt og jorda dei står på, skal bli fulle av insekt.

22. Men den dagen vil eg skilja ut Gosen, der folket mitt held til. Der skal det ikkje vera insekt, for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet.

23. Eg vil setja skilje mellom mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet skje.»

24. Og Herren gjorde så. Det kom veldige insektsvermar inn i husa til farao og tenarane hans. I heile Egypt vart landet øydelagt av insekt.

25. Då kalla farao Moses og Aron til seg og sa: «Gå og ber fram offer for dykkar Gud her i landet!»

26. Moses svara: «Det er ikkje rett å gjera det på den måten. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er avskyeleg for egyptarane. Om vi rett for auga på dei ofra noko som dei tykkjer er avskyeleg, ville dei ikkje då steina oss?

27. Vi vil gå tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, slik han seier til oss.»

28. Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8