Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka.

15. Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

16. Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det bli til lus i heile Egypt!»

17. Det gjorde dei. Aron rette ut handa og slo med staven i støvet på jorda, og det kom lus på menneske og dyr. Alt støvet på jorda vart til lus i heile Egypt.

18. Med sine løyndomsfulle kunster prøvde magikarane òg å få fram lus, men det greidde dei ikkje. Lusa vart sitjande på både menneske og dyr.

19. Då sa magikarane til farao: «Dette er Guds finger.» Men hjartet til farao var ubøyeleg, og han høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt.

20. Då sa Herren til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og stig fram for farao når han går ned til vatnet, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!

21. For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg svermar med insekt over deg og over tenarane dine, over folket ditt og over husa dine. Husa i Egypt og jorda dei står på, skal bli fulle av insekt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8