Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 6:9-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.

10. Då sa Herren til Moses:

11. «Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.»

12. Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»

13. Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt.

14. Dette er leiarane for familiane deira: Sønene til Ruben, Israels førstefødde, var Henok og Pallu, Hesron og Karmi. Det er slektene til Ruben.

15. Sønene til Simon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er slektene til Simon.

16. Dette er namna på sønene til Levi og slektene deira ifølgje slektshistoria: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gammal.

17. Sønene til Gersjon, slekt for slekt, var Libni og Sjimi.

18. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gammal.

19. Sønene til Merari var Mahli og Musji. Dette er slektene til Levi ifølgje slektshistoria.

20. Amram tok Jokebed, tanta si, til kone. Ho fødde han Aron og Moses. Amram vart 137 år gammal.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 6