Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 6:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren.»

9. Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet.

10. Då sa Herren til Moses:

11. «Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.»

12. Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?»

13. Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt.

14. Dette er leiarane for familiane deira: Sønene til Ruben, Israels førstefødde, var Henok og Pallu, Hesron og Karmi. Det er slektene til Ruben.

15. Sønene til Simon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er slektene til Simon.

16. Dette er namna på sønene til Levi og slektene deira ifølgje slektshistoria: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gammal.

17. Sønene til Gersjon, slekt for slekt, var Libni og Sjimi.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 6