Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 5:16-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.»

17. Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Lat oss dra og ofra til Herren.

18. Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, og de skal koma med den fastsette mengda med murstein.»

19. Dei israelittiske oppsynsmennene skjøna at dei var ille ute då det vart sagt: «De får ikkje skjera ned på den daglege mengda med murstein!»

20. Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.

21. Dei sa til dei: «Måtte Herren sjå dykk og dømma dykk, for de har gjort oss fråstøytande i auga til farao og tenarane hans. De har lagt sverd i handa på dei så dei kan drepa oss.»

22. Då vende Moses seg på nytt til Herren og sa: «Herre, kvifor har du handla vondt mot dette folket? Kvifor har du sendt meg?

23. Frå den stund eg gjekk til farao for å tala i ditt namn, har han mishandla folket. Og du har ikkje gjort noko for å fria folket ditt ut!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 5