Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 5:14-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Og dei vart slegne, dei oppsynsmennene som slavedrivarane til farao hadde sett over israelittane. Slavedrivarane sa: «Kvifor har de verken i går eller i dag fått ferdig den fastsette mengda med murstein, slik som før?»

15. Då gjekk dei israelittiske oppsynsmennene og ropa til farao: «Kvifor gjer du dette mot tenarane dine?

16. Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.»

17. Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Lat oss dra og ofra til Herren.

18. Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, og de skal koma med den fastsette mengda med murstein.»

19. Dei israelittiske oppsynsmennene skjøna at dei var ille ute då det vart sagt: «De får ikkje skjera ned på den daglege mengda med murstein!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 5