Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 5:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan gjekk Moses og Aron til farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan feira høgtid for meg i ørkenen!»

2. «Kven er Herren?» spurde farao. «Skulle eg lyda han slik at eg lét folket fara? Eg kjenner ikkje Herren, og eg vil ikkje la Israel fara.»

3. Dei sa: «Han som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal råka oss med pest eller sverd.»

4. Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor vil de halda folket borte frå pliktene? Gå tilbake til arbeidet dykkar!»

5. Så sa farao: «Sjå kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de få dei til å leggja ned arbeidet!»

6. Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket:

7. «Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm.

8. Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud!

9. Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!»

10. Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm.

11. Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.»

12. Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm.

13. Slavedrivarane pressa på og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 5