Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 40:28-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Så hengde Moses opp teppet framfor inngangen til bustaden.

29. Brennofferaltaret sette han ved inngangen til bustaden, til teltheilagdomen, og han ofra brennoffer og grødeoffer på det, slik som Herren hadde bode Moses.

30. Vaskefatet sette han mellom teltheilagdomen og altaret, og han helte vatn i det til å vaska seg med.

31. I det vaska Moses og Aron og sønene hans hendene og føtene.

32. Dei vaska seg når dei skulle gå inn i teltheilagdomen, og når dei skulle stiga fram for altaret, slik som Herren hadde bode Moses.

33. Så laga han til føregarden rundt bustaden og altaret, og han hengde teppet opp framfor porten til føregarden. Slik fullførte Moses arbeidet.

34. Så dekte skya teltheilagdomen, og Herrens herlegdom fylte bustaden.

35. Moses kunne ikkje gå inn i teltheilagdomen, fordi skya hadde teke bustad over teltet og Herrens herlegdom fylte bustaden.

36. Kvar gong skya lyfte seg frå bustaden, braut israelittane opp og heldt fram med si vandring.

37. Men når skya ikkje lyfte seg, braut dei ikkje opp før den dagen ho lyfte seg att.

38. For Herrens sky låg over bustaden om dagen, og om natta lyste ho som eld for auga på heile Israels hus, så lenge vandringa varte.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 40