Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 4:21-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Då sa Herren til Moses: «Når du kjem tilbake til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera for farao som eg har lagt i di hand. Men eg vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara.

22. Du skal seia til farao: Så seier Herren: Israel er min førstefødde son.

23. Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tilbe meg! Men nektar du han å fara, sjå, då vil eg drepa den førstefødde son din.»

24. Medan Moses var på veg og hadde søkt ly for natta, møtte Herren han og ville drepa han.

25. Sippora tok då ein kvass stein og skar av forhuda på son sin og rørte ved føtene hans. Ho sa: «Du er blodbrudgomen min.»

26. Då lét Herren han vera. Ho sa «ein blodbrudgom» på grunn av omskjeringa.

27. Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i ørkenen!» Han gjekk av stad og møtte Moses ved Guds fjell, og han kyste han.

28. Moses fortalde Aron om alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.

29. Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste blant israelittane.

30. Aron sa fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna framfor auga på folket.

31. Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde halde auge med israelittane og sett at dei vart plaga, bøygde dei seg til jorda og tilbad.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 4