Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 4:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg.

15. Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera.

16. Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han.

17. Ta denne staven i handa. Med den skal du gjera teikna!»

18. Moses gjekk tilbake til Jetro, svigerfar sin, og sa til han: «Eg vil bryta opp og dra til landsmennene mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Og Jetro sa til Moses: «Gå med fred!»

19. Herren sa til Moses i Midjan: «Bryt opp og dra tilbake til Egypt! For no er dei døde alle dei som ville drepa deg.»

20. Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og vende attende til Egypt. Og Moses tok gudsstaven i handa.

21. Då sa Herren til Moses: «Når du kjem tilbake til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera for farao som eg har lagt i di hand. Men eg vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara.

22. Du skal seia til farao: Så seier Herren: Israel er min førstefødde son.

23. Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tilbe meg! Men nektar du han å fara, sjå, då vil eg drepa den førstefødde son din.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 4